Alle skal kunne delta digitalt
Kor brukarvenleg er eigentleg nettsida til NRK? Det fekk Daniel Hernes teste som del av eksamensoppgåva til emnet Universell utforming av IKT.
– Motivasjonen min er at alle skal kunne delta digitalt, seier Hernes.
Tekst: Lisbet Jære
Foto: Anna NovaLova
Om lag ein av fem personar har ei varig eller mellombels funksjonsnedsetjing, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå . Universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) handlar om å laga digitale løysingar som alle kan bruke – uavhengig av funksjonsevne.
– Eg trudde eg kunne dette med universell utforming av IKT sidan eg har jobba med det i fleire år.
Men etter å ha teke emnet fekk eg ein heilt anna forståing for det, og no kjenner eg meg trygg på at eg kan faget, seier Daniel Hernes, tenesteansvarleg i Regionalt senter for survey og metode i Sjukehuspartnar HF.
Vere med på like vilkår
Målet med universell utforming av IKT er at ingen skal stengjast ute frå digitale tenester, og at IKT skal kunne brukast av folk med ulike behov. Eller som Uu-tilsynet, tilsynet for universell utforming, seier det: Ved å gi rom for mangfaldet i befolkninga gir vi kvar enkelt rom for å utfalde seg, bestemme sjølv og vere med på like vilkår.
Emnet gir innsikt i korleis drive drivarutviklingsprosessar som overheld minstekrava for universell utforming og tilgjengelegheit i Noreg. Hernes tilrår det for alle som skal jobba med forvaltning og utvikling av IKT-løysingar.
– Digitalisering er noko alle driv med, og kunnskap om universell utforming av IKT er etterspurd.
Det handlar om at vi skal tilpasse det vi leverer til fleire, og at det er lettare å bruke for alle. Det er viktig at vi får ei djupare forståing for noko som gagnar alle, seier Hernes.
Handlar om brukarvenlegheit
Ute i samfunnet er klassiske døme på universell utforming at det tikkar for grønt lys ved fotgjengarovergangar, og at det blir laga ramper for rullestolbrukarar. Men korleis ser det ut i informasjonsteknologiverda?
Daniel Hernes arbeider til dagleg hos Sykehuspartner, men han veit at kunnskapen han fekk på kurset er etterspurd mange stader.
Det handlar om brukarvennlegheit på mange plan; som at tekst har god kontrast mot bakgrunnen og alternativ tekst på bilete og grafiske element for synshemma. Også logisk oppbygging av innhald, og klart og tydeleg språk, kjem inn under universell utforming.
Oppteke av rettferd
Hernes er utdanna sosiolog, og har i mange år jobba med universell utforming av spørjeundersøkingar. For Hernes handlar det i botn og grunn om demokrati og rettferd.
– I Sjukehuspartnar jobbar vi mellom anna med store pasient- og medarbeidarundersøkingar. Det er utruleg viktig at dei er tilgjengelege for alle.
– Eg er oppteken av rettferd, å halde nokon utanfor er utanfor mine kjerneverdiar.
Det var leiaren hans i Sjukehuspartnar som snakka om at dei trong betre kompetanse på universell utforming, og lurte på om Hernes kunne tenkje seg å ta emnet.
Sjukehuspartnar leverer tenester innan IKT, prosjekt, logistikk og HR til alle sjukehusa i Helse sør-aust.
– Eg er heldig som har ein leiar som oppmodar til vidareutdanning. Det var gøy å kunne bruke tid på å lære noko nytt, seier Hernes
Skjerpa krav – nyttig kunnskap om regelverk
Ein grunn til behovet for kompetanse er at krava har vorte skjerpa. I 2021 vart EUs web- direktiv (WAD) vedteke, og frå 1. februar 2023 er offentleg sektor pålagd å følgje nye krav for universell utforming.
Korleis ser det du på mobilen tru? Universell utforming vedkjem alle – vi kjem alle til å trenge det ein dag, seier Daniel Hernes.
– Det finst ein del konsulentar som har vorte ekspertar på dette, men det beste er jo å opparbeide seg kompetansen sjølv. Det kan vere ganske overveldande å forhalda seg til krav og regelverk, også for oss som har jobba med dette lenge, seier Hernes.
Noko av det mest nyttige synest han var å få ei meir grunnleggjande forståing av regelverket.
– Undervegs testa vi det vi lærte for å få praktisk erfaring med regelverket. Som eksamensoppgåve gjorde eg ein test av nettsidene til NRK der eg mellom anna involverte eldre menneske som brukarar.
Kva fann han? Jo, det står i hovudsak ganske bra til med den universelle utforminga av nettsidene til Norsk rikskringkasting (NRK). Nokre manglar var det, som i design og mangel på kontrast.
Ein meir spennande jobb
I jobben held han no på med å oppdatere alle spørjeskjema slik at dei er universelt utforma.
Ein positiv effekt av å ha teke emnet, er at han har fått nokre nye jobboppgåver og utfordringar på blokka.
– Eg er oppteken av å spre den glade bodskapen, og har vorte ein fagekspert i arbeidet med universell utforming på jobben. Det er utruleg spennande.
Han trur det offentlege, ikkje minst, har behov for betre kompetanse på å bestille i forhandlingar med IKT-bedrifter. Til slutt vil han understreke bodskapen om at universell utforming vedkjem alle.
– Vi kjem alle på eit tidspunkt til å trenge det. Dessutan er det eit viktig poeng at uavhengig av funksjonsnedsetjing, så gir det ei betre brukarvennlegheit for alle.
Fakta
Kurset Universell utforming av IKT kan inngå i Masterprogrammet i teknologileiing og digital omstilling og høyrer til spesialiseringa i Strategisk design og tenesteutvikling.
- Målet med universell utforming av IKT er at ingen skal stengjast ute frå digitale tenester, og at IKT skal kunne brukast av folk med ulike behov.
- Du lærer prinsippa for universell utforming og digital tilgjengelegheit og får kunnskap som kan brukast til vidare arbeid i webprosjekt.
- Kurset hjelper deg med å forstå korleis du effektivt kan integrere teoriane og praksisen frå emnet i utviklingsprosessar og overhalde krava i lovverket
- Teoridelen er kombinert med reelt prosjektarbeid knytt til konkrete casar du som kursdeltakar har med deg. Slik blir teori og praksis bunden saman og gjer læringsutbyttet spesielt relevant for verksemdene til kursdeltakarane.
- Alle sektorar og fagområde som arbeider digitalisering og universell utforming av IKT kan ha behov for kurset.
Kjelde: NTNU si kursbeskriving
Fakta
Masterprogrammet i teknologiledelse og digital omstilling tar opp temaer som ligger i skjæringspunktet mellom teknologi og økonomi. Det er mulig å ta enkeltemner på 7,5 studiepoeng eller en hel mastergrad. Du bestemmer selv progresjonen med unntak av masteroppgaven som må gjennomføres på to semestre.
Du kan velge mellom fem spesialiseringer:
- Digitalisering og automatisering
- Digital økonomi
- Prosjektledelse og digital transformasjon
- Strategisk design og tjenesteutvikling
- Teknologibasert omstilling
På hver spesialisering kan du velge blant flere emner , og du må velge fire fra en av dem dersom en vil ta en mastergrad. Det er også obligatorisk å ta fire emner i basismodulen.
I spesialiseringen strategisk design og tjenesteutvikling kan du ta følgende emner:
- Design tenking og kunstig intelligens
- Strategisk design og scenariebygging
- Tjenestedesign og innovasjon for arbeidslivet
- Universell utforming av IKT
Nyhetsbrev fra NTNU VIDERE gir deg informasjon om videreutdanning og deltidsstudier.
Andre artikler om videreutdanning
Ønsker å bli brobyggar i helsevesenet
Psykologen Sarah ser dagleg utfordringar som pasientar og helsepersonell står overfor. Gjennom vidareutdanning i intraprenørskap har ho fått nye perspektiv på korleis ein kan skape betre tenester innanfor eksisterande system.
KI ga Wenche nye muligheter på jobb
Etter å ha tatt kurset Design-tenkning og kunstig intelligens har Wenche Fremo både blitt mer effektiv og fått nye muligheter på sin arbeidsplass. Hun synes flere bedrifter burde legge til rette for videreutdanning for sine ansatte.
Fra forskning til videreutdanning
Et forskningsprosjekt startet i Trondheim, fikk drahjelp fra Australia og Spania, og endte som et fleksibelt nettkurs for norske lærere. Dette er historien om hvordan forskning blir til praksis – og hvorfor det betyr noe for elevene i gymsalen.






