Berekraft og omstilling kan læras

Foto av Kristian Leversen med hjelm utendørs på oljeplattform

Kinodirektør Arild Kalkvik fortel at dei har lang erfaring med å arbeide med berekraft og inkludering ved Trondheim Kino. Foto: Trondheim Kino.

Kinodirektør Arild Kalkvik meiner grøn omstilling både kan vera artig og lønnsamt. Bærekraft, omstilling og inkluder er ei ny spesialisering innan masterprogrammet Organisasjon og leiing. Her kan du lære kva som må til for at samfunnet skal omstillast.

Tekst: Lisbet Jære

Frå hausten 2023 kan dei som tek ein erfaringsbasert mastergrad i Organisasjon og leiing fordjupa seg i den nye spesialiseringa Berekraft, omstilling og inkludering.

Robert Næss, førsteamanuensis ved Institutt for tverrfaglege kulturstudiar, synest ikkje det er grunn til å vera beskjeden når han snakkar om kvifor dette er så viktig:

– Studiet tilbyr kunnskap, verktøy og metodar for å driva med berekraftig omstilling i praksis. Utan kunnskapen, om korleis berekraftig endring kan gjennomførast, kjem me aldri til å få ei berekraftig framtid.

Han meiner det lenge har vore underkommunisert kor viktig kultur er for å få til endring og omstilling. Det vil dei som tek spesialiseringa få læra meir om.

Kultur har vore underkommunisert

Det er Institutt for tverrfaglege kulturstudiar ved NTNU som har ansvar for spesialiseringa som inneheld fire ulike emner. Robert Næss er fagleg ansvarleg for eit av dei – «Rettferdig omstilling og deltaking» (sjå fakta). Fagmiljøet har lang erfaring i å undervisa i tematikken. Sjølv byrja Næss å undervisa i berekraft allereie i 2002.

No er han glad for at Berekraft, omstilling og inkludering kjem inn som et tilbod i vidareutdanning til dei som har arbeidserfaring og utdanning fra lengre tilbake i tid. 

–  I alle desse åra har me jobba for å synleggjera eit perspektiv der kombinasjonen av samfunn, kultur, det materielle og tekniske sjåast i samanheng. Når det handlar om omstilling, kjem ein ikkje unna at alt dette må verka saman. Me har lenge visst kor viktig kultur har vore, men det har likevel vore underkommunisert i samfunnsdebatten om omstilling, seier Næss.

Berekraftig utvikling har tre dimensjonar

Berekraftig utvikling som omgrep dukka først opp i 1987 i rapporten «Vår felles framtid» frå Verdenskommisjonen for miljø og utvikling. Sidan då har utfordringa vore: Korleis få til dette i praksis? Emnet «Berekraftig omstilling» tek nettopp opp spørsmål rundt korleis komma forbi sosiale, teknologiske og økonomiske barrierar som hindrar utvikling.

– Berekraftig utvikling blir ofte assosiert med miljø og klima, men det er så mykje meir, seier Næss.

For å skapa berekraftig utvikling må verda jobba på tre område:

  • Klima og miljø
  • Økonomi
  • Sosiale forhold

Dette blir ofte kalla dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling. Det er samspelet mellom desse tre dimensjonane som avgjer om noko er berekraftig, ifølgje FN-sambandet.

Kjem ingen veg utan sosial berekraft

– Me har sett inn kreftene på teknologi, og trudd at den skulle endra liva våre. Men så er det dei uregjerlege folka og samfunnet som strittar imot, ting har ikkje gått heilt slik det eigentleg skulle, seier Næss, med snert av ironi.

Men Næss har merka at det er ei endring på gang. Forståinga for at om me skal få til ei omstilling, så må me sjå på korleis heile samfunnet fungerer. – Eg har gjennom åra vore på mange presentasjonar med kommunar. I det siste har det ikkje vore éin av dei som ikkje har teke opp det sosiale aspektet ved berekraftig omstilling og det grøne skiftet.

– Sosial berekraft handlar mellom anna om kva samfunn me skal ha; om inkludering og medverknad og likskap, at alle i prinsippet bør ha like moglegheiter uansett bakgrunn.

Trondheim Kino i bresjen

Spesialiseringa er eigna for alle som treng kunnskap, verktøy og metodar for å jobba med  berekraftig omstillingsarbeid. Målet er at dei kan bruke denne kunnskapen på arbeidsplassane sine.

Nokon som har lang erfaring i å arbeide med berekraft, er Trondheim kino. Kinodirektør Arild Kalkvik er glad me tek kontakt for ein prat. Dette med korleis jobba med berekraftig utvikling er noko av det han liker  best å snakka om. Han seier han synes den nye spesialiseringa i berekraft verkar aktuell og spanande, og fortel litt om korleis Trondheim kino har jobba for å bli meir berekraftige.

– Me har vore ambisiøse når det gjeld miljø og vart miljøsertifiserte allereie i 2011. Då såg me på heile drifta, og vi fann ut at det var mykje spanande me kunne gjera. Spesielt var det mykje å henta på energibruk, som det å skifta ventilasjonsanlegg og varmekjelder. Alle er involverte, og dei tilsette har eit sterkt engasjement i miljøarbeidet, seier Kalkvik. Det opplever han også at kinogjengarane har.

Alle skal med

Trondheim kino har i fleire år vunne bransjeprisen «Årets kino». I eit intervju med Kinomagasinet seier Kalkvik at løyndommen bak er at «alle er med». Dermed har han klart å oppnå ein av Næss sine kjepphestar; nemleg kor viktig det er med inkludering og medverknad. Saman med resten av kinobransjen har Trondheim Kino til eksempel kutta søppelmengda med 40 prosent.
Kalkvik takkar FN og dei 17 berekraftsmåla for meir forståing for akkurat dette perspektivet. Eit av hovudprinsippa i berekraftsmåla er at ingen skal utelatast (Leaving no one behind).

Pandemien viste kor viktig kino er

– FNs berekraftsmål har konkretisert berekraftig utvikling og løfta opp sosial berekraft. Akkurat det vart me meir merksame på rundt pandemien, altså kor viktig det er med sosiale møteplassar som kinoen. Det har mykje å seia for folkehelsa.

Film er best i store grupper, i ein stor sal, med fleire menneske rundt deg, som også held pusten i stemning, eller ler eller græt – alt etter kva som skjer på lerretet, meiner Kalkvik.

– Under pandemien vart me meir opptekne av å nå eit breiare publikum. Me kan tilby film til grupper som me ikkje klarte å nå tidlegare. No har me til dømes faste visningar av bollywoodfilmer og viser fleire filmar frå Asia.

Lønnsame solceller på Prinsen kino

– Kva råd har du til arbeidsplassar som vil jobba med omstilling?

– Eg rår til å sjå på tal og økonomi. Me har lagt solceller på Prinsen kinosenter, og klarer å betala det ned på ti år. Med energiprisane me har i dag lønner det seg økonomisk. Grøn omstilling kan faktisk vera ekstremt lønnsamt.

Han minner på at å det å jobba med berekraftig omstilling er eit samfunnsansvar. Me kan uansett ikkje halda fram i den same gamle tralten.

– Det er ei stor inspirasjonskjelde å jobba for at noko skal bli betre. Å gjera dette til ein del av kulturen i verksemda er derfor viktig for å lykkast.

Ein annan motivasjon er at arbeidsplassen blir meir attraktiv, meiner han.

– Unge menneske er meir engasjerte og ser det meir som sjølvsagt at det blir jobba med miljø og berekraft. Skal ein tiltrekkja seg ung arbeidskraft, er det derfor viktig å ta dette på alvor. 

i

FAKTA

Berekraft, omstilling og inkludering er ei spesialiseringar i det erfaringsbaserte masterprogrammet Organisasjon og ledelse. Dei sju spesialiseringane er:

Spesialiseringa i berekraft, omstilling og inkludering

    • Handlar om korleis berekraftig endring kan gjennomførast: Kva rolle spelar kunnskap og teknologi i desse komplekse endringsprosessane, og korleis dei påverkar ulike grupper i befolkninga?
    • Gir kunnskap, verktøy og metodar for å driva berekraftig omstillingsarbeid i ulike kontekstar, frå lokalt arbeidsliv til statlege og internasjonale organisasjonar.
  • Er aktuelt for dei som ønskjer å forstå samspelet mellom teknologiske og sosiale endringsprosessar når berekraftig omstilling skal gjennomførast.

Spesialiseringa i består av fire emne:

  • Bærekraftig omstilling
  • Bærekraft, bygde omgivnader og infrastruktur
  • Likestilling og mangfald
  • Rettferdig omstilling og deltaking

Undervisninga er samlingsbasert og du tar eitt og eitt emne som til saman utgjer ein heil mastergrad.
Les meir om Masterprogrammet i organisasjon og ledelse

Nyhetsbrev fra NTNU VIDERE gir deg informasjon om videreutdanning og deltidsstudier.

Andre artikler om videreutdanning

Hvordan få til bærekraftig omstilling i praksis

Hvordan få til bærekraftig omstilling i praksis

Bærekraftig omstilling er ikke noe bare en enkelt avdeling på en arbeidsplass kan jobbe med, det må inn i alle ledd, mener Kristine Nørgaard. Hun skriver masteroppgave om bærekraft og innovasjon i Oslobygg.

Videreutdanning ga uante muligheter for både Kristian og arbeidsgiver

Videreutdanning ga uante muligheter for både Kristian og arbeidsgiver

Mange yrkesaktive opplever at behovet for å lære nye ferdigheter øker i takt med endringene i arbeidsmarkedet. Kristian Leversen hadde jobbet i olje- og gassindustrien i flere år, og innså dette behovet samtidig som arbeidsgiveren lyste ut en ny stilling. Videreutdanningsemnet CO2-fangst og hydrogen som energi ga ham mer basiskunnskap og ble også svært verdifullt i hans nye stilling innenfor alternative energikilder og bærekraftige løsninger. 

NTNU VIDERE er videreutdanning og deltidsstudier fra NTNU.
Vi tilbyr kurs av kortere eller lengre varighet på bachelor- og masternivå innen de fleste fagområder. Undervisningen er fleksibel og tilpasset deg som er i arbeidslivet – ofte som en kombinasjon av aktiviteter på nett og intensive samlinger. Ved NTNU blir du undervist av Norges fremste forskere og forelesere.