Fekk ny jobb – og betre sjølvkjensle

To forskere som ser på et batteri, med hansker og bak glass

Videreutdanninga eg har tatt har gitt meg kjensle av meistring seier Astrid Vormdal som til dagleg jobbar ved Nordsea Vestbase for Equinor. Foto: Joachim Borøchstein.

Ein mastergrad på CV-en, betre jobbmoglegheiter og ny kunnskap. For Astrid Vormdal betydde det å ta vidareutdanning også ein god dose meistringskjensle.

Tekst: Lisbet Jære | Foto: Joachim Borøchstein

Mange har ei stilling som ikkje heilt samsvarar med utdanninga. Astrid Vormdal var ein av dei.  Ho er utdanna bioingeniør, men då ho var ferdig med bachelorgraden i 2008, fekk ho jobb i Equinor.

– Eg jobbar med olje og gass, og har flytta meg meir og meir bort frå mitt opphavlege fagfelt. Ein av grunnane til at eg tok ein erfaringsbasert mastergrad i Organisasjon og leiing, er at eg ønskte betre samsvar med det eg kan i praksis og det som står på papiret, seier Vormdal.

Ho vart ferdig med mastergraden for to år sidan og skildrar det som å ha sydd saman mange års arbeidserfaring med nyttig kunnskap.

Kvifor skjer det ulykker?

Dei som tek ein erfaringsbasert master i Organisasjon og leiing, kan velja mellom sju ulike spesialiseringar. For Vormdal, som då jobba for Equinor på Tjeldbergodden, vart det spesialiseringa «Sikkerhet, pålitelighet og teknologi» som treff best.

– Ei rekkje store ulykker er eit resultat av svikt i samspelet mellom menneske, teknologi og organisasjon. Kvifor sviktar system og kvifor skjer det ulykker?

Kva kan du gjera for å unngå det? Dette er nokre av problemstillingane Vormdal og dei andre kursdeltakarane fordjupa seg i.

 – Eg har jobba mykje med drift og vedlikehald, og ein viktig motivasjon for å ta mastergraden, var å få formalisert denne kompetansen og læra teorien bak.
– Dessutan er det eit felt i kontinuerleg teknologisk utvikling, noko som gjer denne spisskompetansen høgaktuell i mange bransjar, legg Vormdal til.

Jobba heiltid og hadde små barn

Ho tok studiet på halvtid. Ho fekk permisjon for å dra på samlingar, men var i full jobb. Samtidig hadde ho små barn. Korleis fekk ho alt dette til å gå opp?

– Det er lett å tenkja at det er umogleg å ta vidareutdanning samtidig som ein har små barn, men eg såg på det som ei moglegheit. Eg hadde ein son på eitt år då eg starta i 2017, og det betydde at eg uansett måtte vera heime om kveldane. Då var det berre fint å kunna bruka tida til å gjera noko nyttig.

Portrett foto av Odne Burheim i hvit arbeidsfrakk

Astrid Vormdal starta på videreutdanning da ho hadde ein ettåring, for da måtte ho uansett vera heime om kveldane, fortel ho med eit smil. Foto: Joachim Borøchstein

Ho fortel at ho opplevde utdanninga som såpass motiverande at det ikkje var noko problem å skulla ofra tid til andre ting; som trening og vener.

Trygt og forløysande

Motivasjonen for å ta vidareutdanning handla ikkje om eit ønske om å byta arbeidsgivar, men heller om å gjera seg meir attraktiv for den ho hadde. Ho og familien ønskte derimot å flytta til Batnfjorden på Nordmøre der sambuaren var oppvaksen, og ho håpa på at det skulle bli enklare å byta jobb innan Equinor.

– Sjølv om det krev mykje å studera på halvtid midt oppi kvardagen med familie og full jobb, så er det verd investeringa. Det kjennest trygt og forløysande å ha ei mastergrad med tanke på at ein ikkje alltid veit kva framtida byr på.

Ho trur mastergraden vart utslagsgivande til at ho fekk ny jobb i  Equinor, i operasjonsgruppa til Njord-plattforma som ligg utanfor Kristiansund. Dei kjøpte eit småbruk like ved der sambuaren  var oppvaksen med nærleik til både fjell og fjord. Flytting og byte av jobb skjedde parallelt med siste del av vidareutdanning, så dagane vart travle nok, påpeiker Vormdal.

Alle faga ga nytte

– Er det nokon av faga som har vore spesielt nyttige?
– Eg må berre seia alle saman.

– Denne masteren har gitt meg verktøy som eg bruker dagleg i jobben. Eg har til dømes hatt stor nytte av emna om prosjektleiing når eg leiar arbeidsgrupper, det har gitt betre struktur og risikovurderingar.

Ho minner om at det er lurt å stilla med eit ope sinn når ein skal studera, ein veit aldri heilt kva som møter ein. Eit av dei faga ho hadde lågast forventingar til, som handla om samfunnsendring og teknologiutvikling, skulle bli eit av dei mest interessante. Ikkje berre med tanke på jobb, men for livet som heilskap.

– Det at eg tok ein master har gitt meg kjensle av meistring. Eg har vorte meir trygg på meg sjølv og på at dei avgjerdene eg tek i jobbsamanheng er dei rette.

Leverte oppgåve på veg til fødestova

I 2018 fekk ho sitt andre barn.
– Ei av oppgåvene vart faktisk sendt inn i bilen på veg til sjukehuset for å føda! Ho var ferdiggjord på førehand då, men planen var å gjera den siste finpuss.

Med full jobb og familie nytta det ikkje lenger med skippertak slik ho tydde til då ho studerte etter vidaregåande. Med barn nummer to vart behovet for å strukturera tida endå større.

– Eit tips ho deler, er å setja av ein time kvar kveld om sommaren for å lesa pensumet til haustsemesteret.

– For å få til å gjennomføra dette, har det vore til hjelp at opplegget til NTNU er så fleksibelt. Ein kan sjølv velja kor mange emne ein tek per semester, og eg fekk utsett frist for levering av masteroppgåva då eg trong det. 

Vart sugen på å læra meir

Korleis var det å vera vaksen student? Ho merka at studieteknikken var litt rusten det første halvåret, men så var det akkurat som nokre sovande hjerneceller vart aktiverte.

Ho trur at dei fleste – uansett kva stilling dei har eller kva dei jobbar med – har nytte av vidareutdanning. Ikkje minst med tanke på at samfunnet no står ovanfor store behov for endring. Utan denne masteren trur ho for eksempel ikkje at ho kunne ha delteke i eit prosjekt som ser på høvet til å elektrifisera Njord-plattforma.

 Ho har også gjort seg opp nokon tankar om kva det vil seia å vera ein god leiar. 

– Mange har vorte leiarar fordi dei har stige i gradene på ein arbeidsplass. Det kan godt vera at dei er dyktige, men dei kan likevel mangle det faglege fundamentet ein leiar bør ha. Eg trur mange leiarar kunne hatt god nytte av å ta ei erfaringsbasert master i organisasjon og leiing.

i

FAKTA

Nyhetsbrev fra NTNU VIDERE gir deg informasjon om videreutdanning og deltidsstudier.

Andre artikler om videreutdanning

40 år med Praktisk prosjektledelse

40 år med Praktisk prosjektledelse

NTNU har et av Europas største utdannings- og forskningsmiljø innen prosjektledelse. Videreutdanningsemnet Praktisk prosjektledelse ble tilbudt første gang for 40 år siden som svar på store kostnadsoverskridelser i utbyggingsprosjekter på norsk sokkel.

NTNU VIDERE er videreutdanning og deltidsstudier fra NTNU.
Vi tilbyr kurs av kortere eller lengre varighet på bachelor- og masternivå innen de fleste fagområder. Undervisningen er fleksibel og tilpasset deg som er i arbeidslivet – ofte som en kombinasjon av aktiviteter på nett og intensive samlinger. Ved NTNU blir du undervist av Norges fremste forskere og forelesere.