Lærer om korleis endringar best kan håndterast

Eva Moberg tok vidareutdanning for å førebu seg på ei omorganisering ho såg ville komme. Foto: Privat

Er du lei av stadig å måtte handtere nye endringar i arbeidslivet? Vidareutdanning kan gje deg gode tips til motgift.

Tekst: Lisbet Jære

Arkeolog Eva Moberg hadde jobba i Sogn og Fjordane fylkeskommune sidan 1998, mellom anna som fylkeskonservator. Då ho fekk høyra at regionreform og fylkessamanslåing stod på trappene, tok ho behovet for å læra meir om omstilling og endring i organisasjonar på alvor.

– Då eg skjønte at den nye arbeidsplassen min vart heitande Vestland fylkeskommune frå 2020, såg eg på det som eit høve til å ta vidareutdanning. Det skjer så mykje omorganisering i arbeidslivet, og eg kjende eg ikkje hadde nok kunnskap, seier Moberg.

I tillegg var ho svært klar for fagleg påfyll etter å ha vore to tiår i yrkeslivet.

I 2017 starta ho på det erfaringsbaserte masterprogrammet i organisasjon og leiing med spesialiseringa Innovasjon og endringsleiing. (Spesialiseringa har i dag endra namn til Organisasjon, samfunn og endring).

Pandemi og personalansvar

Moberg leverte masteroppgåva si i februar 2020. Det var ein månad etter at ho hadde fått ny stilling som fagleiar for museum, fartøyvern og bygningsvern i Vestland fylkeskommune. Då flytta ho frå Førde til Bergen. Og vel ein månad etter det igjen vart Noreg stengt ned på grunn av pandemien.

Det er ikkje berre-berre å skulle ha ei leiande rolle i ein så stor omorganiseringsprosess som det var å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestland fylke. Moberg har hatt mange leiarstillingar opp gjennom, men det var først i 2020 med den nye jobben i Vestland fylkeskommune ho også fekk personalansvar.

I den nye leiarrolla vart det ein stor tryggleik å ha den faglege ballasten på plass.

Lei av endringar – og motgifta til det

Er du lei av endringar? Mange kjenner på at dei har fått nok av krava til omstilling, og Moberg fortel at dei lærte mykje om nettopp dette.

– Så korleis skal ein møte skepsis og mangel på motivasjon til endringane som kjem? Det finst det ikkje eit enkelt svar på, men eg sit igjen med mykje god kunnskap om prosessane under endring og korleis dei kan gjerast betre. Her handlar det om god kommunikasjon, reell medverknad og felles forståing av behovet for endring.

Fylkessamanslåinga var eit stort prosjekt. Heilt sidan Moberg byrja å jobba på slutten av 1990-talet, har endring og omorganisering skjedd stadig hyppigare, ikkje minst som følgje av digitalisering. Det erfaringsbaserte masterprogrammet har gitt ho brei kunnskap i alt frå praktisk prosjektleiing til teknologi og rolleforståing. Og ho har fått nyttige verktøy for å handtere endringane på best mogleg måte.

 – Eg fekk god kunnskap om viktigheita av eit godt samspel mellom leiarar og tilsette. Leiarar må vera flinke til å forklara kvifor ein går gjennom endringsprosessar slik at dei tilsette forstår målet med det. Dette er også viktig for å auke motivasjonen for å skapa noko nytt saman.

Har fått utvida horisont

Ein annan viktig motivasjonsfaktor for å ta vidareutdanning, var behovet for å utvide horisonten. Etter å ha jobba lenge innan same fagfelt, var ho klar for å læra noko nytt.

– Noko av det mest nyttige var at eg fekk ei overordna forståing for korleis organisasjonar fungerer. Det eg hadde opplevd i praksis, fekk eg no setje inn i eit rammeverk. Det var interessant.

Dessutan hadde ho ekstra stort utbytte av å møte andre med heilt ulik bakgrunn på samlingane – alt frå sjukepleiarar til tilsette i olje- og gassindustrien.

– Eg må tilstå at eg brukte ein god del helgar og også litt av feriane på dette, spesielt då masteroppgåva skulle skrivast. Men når det er prega av lyst og engasjement, så legg ein inn eit ekstra gir, seier Moberg.

Skreiv om Kongevegen over Filefjell

Masteroppgåva hennar gjekk rett på det spennande feltet Moberg til dagleg jobbar med. Den handla om kulturarv og tverrsektorielt samarbeid, og eit prosjekt ho har jobba med, nemleg Kongevegen over Filefjell. Moberg fortel engasjert:

– Dette er ein veg som vert driven av bedrifter langs vegen, etter ein modell frå Sveits. Det blir tilbode transport av bagasje, og det er ein fin måte å få folk ut på tur på. Det er også ein kjempefin måte å få vist fram kulturarven vår på.

Moberg skreiv masteroppgåve om ei problemstilling som var svært aktuell for hennar eige arbeidsområde, nemleg Kongevegen over Filefjell. Foto: Eva Moberg

Ein viktig dimensjon i oppgåva var å formidla korleis kulturarv kan brukast og forvaltast på ein berekraftig måte.

– For å få til større engasjement rundt kulturarv, så må me prøva ut nye ting og ikkje vera så låst i gamle mønster. Det handlar jo ikkje berre om å bevare, men også om å legge til rette for gode opplevingar. Å få til endring, og synleggjera moglegheitene som oppstår ved tenkja nytt og annleis, er noko som engasjerer meg spesielt i jobben min.

i

Fakta

Organisasjon, samfunn og endring er ein av sju spesialiseringar i det erfaringsbaserte masterprogrammet Organisasjon og leiing.

Dei andre spesialiseringane er:

 Undervisninga er samlingsbasert og du tar eitt og eitt emne i den farten som passar deg.

Spesialiseringa passar for leiarar og andre som ønskjer å kvalifisere for leiar- eller rådgjevaroppgåver i linje, stab eller prosjekt, særleg i kunnskapsintensive verksemder.

Følgjande emne kan inngå i spesialiseringa: 

  • Bærekraftig omstilling
  • Demokratisk innovasjonsleiing og berekraftig organisasjonsutvikling
  • Offentlege organisasjonar, samfunnsstyring og politikk
  • Tryggleik og organisasjon
  • Kulturforståing og mangfald

Les meir om Masterprogrammet i organisasjon og leiing

i

Fakta

Meld frå om du finn eit kulturminne i hagen

Til slutt skal me bruka litt plass på å oppklara ein myte, slik Moberg også gjorde i ein
artikkel i NRK for nokre år tilbake. Dessverre er det slik at kulturminne har gått tapt, fordi grunneigarar unngår å seia frå fordi dei er redde for at dei må betala for utgravinga. Men den gode nyheita er at om du skulle finna eit gammalt sverd eller noko anna spennande i hagen din, er det berre å melda frå til fylkeskommen. Det er staten som tek rekninga!

 

Nyhetsbrev fra NTNU VIDERE gir deg informasjon om videreutdanning og deltidsstudier.

Andre artikler om videreutdanning

Mer effektiv med felles kompetanse

Mer effektiv med felles kompetanse

Ledergruppa ved Kompetansesenteret Tannhelse Midt (TkMidt) ønsket å bli bedre på å lede seg selv – og hele kompetansesenteret med 74 ansatte. Derfor tok de emnet Operativ ledelse sammen.

Bare å kaste seg ut i det

Bare å kaste seg ut i det

– Kommer jeg til å klare å ta en mastergrad? Det var Rikke Stensen, som jobber i Sparebank 1 SR-Bank, slettes ikke sikker på. Men etter å ha kastet seg ut i det, og tatt et og et emne om gangen, har hun likevel kommet i mål med en mastergrad i Organisasjon og ledelse.

www.ntnu.no/videre
E-post: videre@ntnu.no

NTNU VIDERE er videreutdanning og deltidsstudier fra NTNU.
Vi tilbyr kurs av kortere eller lengre varighet på bachelor- og masternivå innen de fleste fagområder. Undervisningen er fleksibel og tilpasset deg som er i arbeidslivet – ofte som en kombinasjon av aktiviteter på nett og intensive samlinger. Ved NTNU blir du undervist av Norges fremste forskere og forelesere.