13. mar, 2024 | Bloggpost, Helse og omsorg

Meiningsfull utdanning

Leif Foss håpar at utdanninga gjer han eit enda breiare grunnlag for å rettleie ungdommar med nedsett høyrsel ut i arbeidslivet. Foto: Statped.

Leif og Mari utdannar seg begge til audiopedagogar. Dei er samde om ein ting: Å auke kompetansen om nedsett høyrsel er både spennande og meiningsfullt.

Tekstgrunnlag: Statped

Dei to tek ein erfaringsbasert master i audiopedagogikk. Studiet er blitt til gjennom eit samarbeid mellom NTNU og Statped. Mari Horstad (31) tek fordjuping i utvikling og rehabilitering av talespråk, medan Leif Foss (43) tek fordjuping i bimodal tospråkleg opplæring.

Frå erfaringsbasert til formell kunnskap

Leif Foss (43) har sjølv nedsett høyrsel. Det opplever han som ein stor fordel når han skal utdanne seg til audiopedagog.

– Eg har vore tospråkleg heile livet og har eit hjarte for dette fagområdet. No håper eg denne utdanninga gir meg ei fagleg tyngd i tillegg til den erfaringsbaserte kunnskapen eg har, seier han.

Han har bakgrunn frå jobb i NAV, men jobbar no i Signo Arbeid og deltaking. Jobben består i å levere arbeidsmarknadstenester på bestilling frå NAV. Der jobbar han med menneskje med nedsett høyrsel i yrkesaktiv alder.

–  Studiet er spennande, har gode faglege diskusjonar og er eit viktig fagområde som ikkje må forsvinne.

Kommunane har varierande kompetanse, og utdanninga er viktigare enn nokon gong.

– Forankringa i fagmiljøet i Statped er viktig. Det er noko anna å høyre fagstoff formidla frå personar som veit kva det handlar om, og som jobbar til dagleg med dette. Studiet har fagleg tyngd, og NTNU har vore gode på å hente inn dei beste fagfolka, seier Foss.

Han meiner at det er ein styrke at det er ein forskingsinstitusjon som står bak studiet – særleg i masterdelen av utdanninga. No ser han fram til å kunne bruke utdanninga i jobben i Signo.

– Fagleg kompetanse er viktig, men den medmenneskelege faktoren er kanskje vel så viktig. Eg håpar eg no har eit enda breiare grunnlag for å rettleie ungdommar med nedsett høyrsel ut i arbeid, seier Foss.

Tente ein gnist

Mari jobbar i PP-tenesta i Sunnfjord kommune og fekk tilbod om å ta vidaretdanninga si som ein del av Kompetanseløftet. Kommunen hadde eit ynskje om å auke kompetansen omkring barn og unge med nedsett høyrsel.

Mari Horstad fortel at forelesarane på audiopedagogikkutdanninga er gode, og at studiet er praksisnært og relevant. Foto: Statped

– I jobben min som PP-rådgjevar, hadde eg erfaring frå før med barn med nedsett høyrsel. Det har vore svært nyttig å kunne relatere studiet til desse sakene, seier ho.

– Behovet for denne kompetansen er stor, og eg trivst godt med eit studium som er konkret og praktisk.

– Studiet har tent ein gnist i meg – og denne våren fortsetter eg difor på studiet på eiga hand. Forelesarane er gode, og studiet er praksisnært og relevant, seier Horstad.

Ho samarbeidde med Statped frå før, og no opplever ho at koplinga mellom teori og praksis er tett. Dette er den store skilnaden frå tidlegare studiar.

– Planen er å bruke utdanninga i jobben, der eg skal følgje opp barn med nedsett høyrsel i opplæring i PP-tenesta. På sikt hadde det kanskje vore spennande å sjå mot helse og kunne bruke kompetansen i eit større høyrselsfagleg miljø, seier ho.

Ei suksesshistorie

Anne Tolgensbakk koordinerer Statpeds faglege bidrag inn i utdanninga. Ho meiner rett kompetanse kan vere avgjerande for å leggje til rette for barn, unge og vaksne med nedsett høyrsel.

Anne Tolgensbakk fortel at nokre bruker utdanninga til å gå inn i jobb i PP-tenesta, medan andre jobbar som spesialpedagogar eller barnehagelærarar. Stundom startar dei eigen privat praksis og, fortel ho. Foto: Statped

– Godt læringsutbytte og deltaking på ulike samfunnsarenaer er målet. Dei som tek denne utdanninga, har eit heilt anna grunnlag for å møte behova til dei med nedsett høyrsel. Dei vil òg kunne møte kompetansebehova til dei som skal leggje til rette betre, meiner Tolgensbakk.

 Mange studentar kjem frå kommunar som har eller får barn med nedsett høyrsel.

Dei bruker utdanninga til å byggje kompetanse når det oppstår eit behov.

– Nokre går inn i jobb i PP-tenesta, medan andre bruker utdanninga i jobb som spesialpedagog eller barnehagelærar. Stundom startar dei eigen privat praksis, forklarar ho.

Samarbeidet mellom NTNU og Statped meiner ho er ei suksesshistorie:

– Det praksisnære som Statped tilfører i studiane, kombinert med den forskingskompetansen NTNU har, er fundamentet og suksessfaktoren. Dette utgjer kvaliteten i utdanninga, seier Tolgensbakk.

Sjå òg sak om synspedagogikkutdanninga.

i

Fakta

Masterprogrammet i spesialpedagogikk tilbyr tre studieretningar:

Du vil lære å leggje til rette for gode læringsmiljø og skape gode faglege, personlege og sosiale utviklingsprosessar slik at menneske med særskilte behov kan delta i eit inkluderande samfunn.

Undervisninga er ein kombinasjon av fysiske eller digitale samlingar og læringsaktivitetar på nett.

Studiet er i regi av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Statped og NTNU har i lang tid samarbeidd om studium både i syns- og audiopedagogikk.

Nyhetsbrev fra NTNU VIDERE gir deg informasjon om videreutdanning og deltidsstudier.

Andre artikler om videreutdanning

Vant innovasjonspris

Vant innovasjonspris

Siden 2021 har Lise Skogstad tatt videreutdanning. Hun tar en master i teknologiledelse og digital omstilling. Nylig gikk hun helt til topps i intern innovasjonskonkurranse.

Studier i skvis mellom jobb og familie

Studier i skvis mellom jobb og familie

Har du vurdert å starte på en videreutdanning, men er usikker på om du fikser det i kombinasjon med familie og jobb? Her får du nyttige tips fra flere av våre videreutdanningsstudenter som har erfaring med nettopp det.

Klar for å gå videre?

Klar for å gå videre?

Er du i en jobb du hvor du trives og ser for deg å være i mange år framover?  Vil jobben du har være slik den er nå i framtida? Fikser du den fremtidige versjonen av jobben din?

www.ntnu.no/videre
E-post: videre@ntnu.no

NTNU VIDERE er videreutdanning og deltidsstudier fra NTNU.
Vi tilbyr kurs av kortere eller lengre varighet på bachelor- og masternivå innen de fleste fagområder. Undervisningen er fleksibel og tilpasset deg som er i arbeidslivet – ofte som en kombinasjon av aktiviteter på nett og intensive samlinger. Ved NTNU blir du undervist av Norges fremste forskere og forelesere.