Ønsker å bli brobyggar i helsevesenet

Sarah Hakim med faglærer Gunn-Berit Neergård

Erfaringar frå pasientmøte har gitt Sarah idear til korleis tenester kan forbetrast i praksis. Her sit ho med faglærar Gunn-Berit Neergård.

På DPS-avdelinga på Østmarka i Trondheim ser Sarah Hakim dagleg utfordringar som pasientar og helsepersonell står overfor. Gjennom vidareutdanning i intraprenørskap har ho fått nye perspektiv på korleis ein kan skape betre tenester innanfor eksisterande system – og byggje bru mellom ulike aktørar.

Tekst: Bård Flatjord Netland/Anne-Gunn Bakken
Foto: Elin Iversen/NTNU

På Nidaros Distriktspsykiatrisk sjukehus (DPS) i Trondheim har Sarah arbeidd som psykolog i om lag eitt år. Som ny i byen og nyutdanna psykolog var ho oppteken av å finne arenaer for læring, utvikling og innovasjon. Det fann ho i emnet Intraprenørskap i helsevesenet på NTNU.

– Eg meldte meg på fordi eg hadde flytta til ein ny by, og da falt det meg naturleg å sjå korleis læringsmoglegheiter som fantes på NTNU. Eg søkte kunnskap om på kva måte eg kan kople ting saman som eg er oppteken av.

Sarah fortel at ho har interesser i fleire felt, men at ein tydeleg raud tråd er ønsket om å skape meir likeverdige moglegheiter for ulike grupper i samfunnet. Engasjementet hennar for menneskerettar er ein viktig del av dette.

– Noko av det handlar om menneskerettar og om å byggje bruer mellom storsamfunnet og marginaliserte grupper. Eg har òg vore oppteken av trening, så eg er interessert i litt ulike ting.

Å skape verdi innanfrå

For Sarah handlar intraprenørskap om å utvikle og forbetre eksisterande tenester framfor å byggje opp nye løysingar ved sida av systemet.

– Intraprenørskap for meg er å skape meirverdi der eg er, og sjå på korleis vi kan gi dei same moglegheita til alle, i staden for å skape alternativ i utkanten av det som allereie er etablert.

Som klinikar har ein og eit heilt unikt perspektiv:

– Som tilsett står ein og veldig tett på, og ser problemstillingane pasientane møter, ikkje berre i møtet med deg som klinikar, men òg i kontakt med andre instansar.

– Som klinikar veit ein òg korleis sjukehuset fungerer, kva utfordringar ein står overfor, og korleis ein eventuelt kan bidra.

Eit sterkt utgangspunkt for endring

Sarah meiner helsepersonell sit på verdifull innsikt som gjer dei godt rusta til å skape endring. Gjennom emnet Intraprenørskap i helsevesenet lærte ho korleis erfaringar kan utviklast til nye idéar, tenester og arbeidsmåtar som kan styrkje helsevesenet frå innsida. På spørsmål om ho ville anbefalt emnet til andre i helsevesenet, var ho ikkje i tvil.

Sarah Hakim på vei opp en trapp

Sarah kombinerer klinisk erfaring med fagleg påfyll frå NTNU-emnet Intraprenørskap i helsevesenet.

– Eg ville anbefalt dette emnet. Som helsepersonell står ein i ein heilt unik posisjon. Ein har perspektiv frå alle pasientane ein møter, og ein veit òg kva sjukehuset sine utfordringar er. Det å vite kva behova er frå ulike sider, er ein sterk stad å starte frå når ein skal ta tak i utfordringane og finne løysingar.

Kva er det viktigaste du tek med deg frå emnet? 

– Det må vere det ein kallar intraprenøriell kompetanse, som kombinerer rollekompetanse og kontekstkompetanse. Det var ei augneopnar for meg, fordi eg ikkje har tenkt så djupt på betydinga av konteksten og korleis den kan påverkast. Ei bevisstgjering her har gitt nye moglegheiter når det kjem til å sjå ting.

Her er også forskjellen på entreprenørskap og intraprenørskap viktig å skille mellom, for sjølv om dei kan likna på kvarandre, bring dei med seg to forskjellige utgangspunkt.

Skreddersydd for deg som er i jobb

Faglærar Gunn-Berit, som òg har utvikla emnet, legg til at det er utarbeidd på ein måte som gjer det så enkelt som mogleg for studentane å kombinere studiet med jobb. Mellom anna er undervisninga heildigital, og studentane kan sjølve velje kven dei vil samarbeide med i prosjektarbeidet.

Faglærer Gunn-Berit Neergård

Faglærar Gunn-Berit legg vekt på at emnet er utforma for å vere så fleksibelt som mogleg.

Korleis brukar du det du har lært i emnet i jobben din?

– Eg vil seie at eg bruker det både i jobben på Østmarka, men òg i samhandlinga mellom Østmarka og andre instansar. Styrken har vore å byggje bruer og skape synergi. Kvifor starte noko frå bunnen når nokon andre kanskje har mange års kompetanse? Då kan ein kanskje låne andre si kompetanse når målet uansett er det same; å bidra til å hjelpa andre.

Les meir om emnet «Intraprenørskap i helsevesenet» her.

i

FAKTA

  • Entreprenørskap: Å skape ny verdi gjennom å etablere ein ny organisasjon, til dømes eit enkeltpersonføretak.
  • Intraprenørskap: Å skape ny verdi gjennom ein eksisterande organisasjon – til dømes eit helseføretak i helsevesenet.
  • Intraprenør: Ein som ser moglegheiter, tek initiativ og skaper ny verdi der ein allereie jobbar.
i

FAKTA

Intraprenørskap i helsevesenet er eit vidareutdanningsemne du kan ta ved sida av jobb.

Undervisninga er heildigital og fleksibel, skreddarsydd for helsepersonell som går turnus – du tek det når det passar deg. Det blir òg tilbydd ei digital oppstartssamling, samt rettleiing digitalt og fysisk, ved utvalde studiestader.

Nyhetsbrev fra NTNU VIDERE gir deg informasjon om videreutdanning og deltidsstudier.

Andre artikler om videreutdanning

Fra teknologiekspert til teknologileder

Fra teknologiekspert til teknologileder

Reidar Kvale Joki har seilt ubåt, tatt doktorgrad og jobbet i over 20 år med krevende teknologi. På MTM lærte han å koble teknologien til strategi, forretning og verdiskaping.

FremHAV – kompetanseløft for havbruksnæringen

FremHAV – kompetanseløft for havbruksnæringen

Norsk havbruksnæring står overfor store endringer. Det blir strengere krav til bærekraft, skjerpede reguleringer. I tillegg vil rask teknologisk utvikling sette både driftspersonell og ledere under press.

www.ntnu.no/videre
E-post: videre@ntnu.no

NTNU VIDERE er videreutdanning og deltidsstudier fra NTNU.
Vi tilbyr kurs av kortere eller lengre varighet på bachelor- og masternivå innen de fleste fagområder. Undervisningen er fleksibel og tilpasset deg som er i arbeidslivet – ofte som en kombinasjon av aktiviteter på nett og intensive samlinger. Ved NTNU blir du undervist av Norges fremste forskere og forelesere.